Eit smarthus er ein bustad kor det er installert løysingar som styrer den elektriske installasjonen i huset og elektrisk utstyr.
Eit smarthus kan styrast ved hjelp av fjernkontrollar, kontrollpanel og brytarar i huset, i tillegg kan dei fleste system styrast via mobiltelefon eller internett.
Smarthus kan utførast både som trådlause system og system der det vert trekt buskabel skjult i vegger eller tak.
Fordelen med smarthus er at det er med å redusere energikostnadane, sikrar liv og eigendom, aukar komforten og virkar positivt på bustadens marknadspris.