Førde Elektro og Rør

Internkontroll/elsjekk

 

Feil ved det elektriske anlegget kan få store konsekvenser. Ansvaret for at det elektriske anlegget er i orden er det du som eigar av bustaden som har. Vi anbefaler elsjekk utført av fagfolk minst kvart femte år eller når du har mistanke om at det kan vere feil eller mangler i anlegget. Ta ansvar og bestill elsjekk i dag!

Dei fleste forsikringsselskap gjev gode rabattar i premien om ein kan legge fram tilstandsrapport frå elsjekk utført av godkjente montørar.

Førde Elektro utfører tilsyn og kontroll av elektriske anlegg i bustad, landbruk, næring og industri i henhald til gjeldande forskrifter. I tillegg er alle våre montørar autorisert for å gjennomføre Gjensidige sine eigne elsjekkar.