Kort om oss

Vestland Elektro og Rør AS vart etablert i 1998, den gang som Førde Elektro. Etter 10 år som rein elektrobedrift byrja selskapet med rørleggertenester i 2008 og skifta namn til Førde Elektro og Rør.

I 2019 gjekk tre tilsette saman og kjøpte selskapet og skifta namn til Vestland Elektro og Rør. I januar 2020 kjøpte Vestland Elektro og Rør ærverdige Årdalsbakke Elektro og noko seinare i 2020, i oktober, vart solide Jølster Rør kjøpt opp. Selskapet har sitt hovedkontoret i Førde, fullverdig avdeling på Skei med elektrikarar og rørleggarar og montørbase elektro i Loen. Vestland Elektro og Rør er 100% lokaleigd av personar som har sitt daglege virke i selskapet.

 

Adresse

Firdavegen 16, 6800 FØRDE

Telefon

57 72 39 90

E-post

post@vestlandgruppen.no

Med over 40 tilsette står vi alltid klar til å hjelpe våre kunder med både elektro- og rørleggertenester. Vi leverer alt i forbinding med nybygg og rehabilitering for privat, landbruk, næring og offentleg – i tillegg har vi eiga kontrollavdeling som tek seg av elektrokontroll og serviceavtalar for næring, landbruk og privat.

Vi er stolte medlemmar av Elkonor og VVS Eksperten, som er to av dei leiiande kjedane i landet i sitt fag. Medlemskapa gjev oss til ei kvar tid tilgang til dei beste og mest kjende leverandørane for elektro og rør, og sikrar oss tidsriktige produkt til god pris og god kvalitet.

Vårt konsept der ein kan handle både elektrikar og rørleggar bak same dør merkar vi kundane set stor pris på då dette forenklar prosessen vesentleg for sluttbrukar.

 

Som eksempel leverer vi komplett oppussing av baderom der vi tek ansvar for heile prosjektet og har med alle faggrupper i vårt totaltilbod – fiks ferdig.

Så har du planar om å pusse opp, bygge på eller bygge ny bustad vil vi oppfordre deg til å ta kontakt med oss for uforpliktande tilbod, samt råd og tips som er greie å ta med seg.

Vi ser på våre tilsette som selskapets største og viktigaste ressurs, og jobbar difor aktivt med å skape gode og trygge arbeidsplassar. Dette er vi overbevisst om at kjem deg som kunde til gode til slutt.
Vi skal vere ein lokal støttespelar for barne- og ungdomsaktivitetar.

Vi legg mykje ære i at du skal bli fornøgd – prøv oss!
+ 0
tilsette
+ 0
års erfaring
0 %
lokaleigd